Radøy sogelag
Radøy sogelag i Radøy i noverande Alver kommune vart skipa 22. februar 1989. Laget «har som formål å auka kunnskapen og fremja interessa for Radøy si lokale historie».
I 2019 hadde sogelaget 213 medlemmer.
Hovudaktivitetar
- Driftsansvar for dei automatisk freda bygningane Bogatunet og Syltastova. Aktivitet og vedlikehald. På Bogatunet er det opplegg for skuleklassar, Bogatunstemne (frå 1991) og opne søndagar om sommaren.
- Arrangement under kystsogevekene.
- Grilltreff på historiske knutepunkt i kommunen (dampskipskaiar, samlingsstadar osb.).
- Temakveldar - forskjellige historiske og lokalhistoriske tema.
- Større arrangement aleine eller saman med andre lag/organisasjonar.
- Sogeblad - lokalhistorie, kvardagshistoriar og større hendingar frå Radøy.
- 1990: Innsamling av stadnamn og bumerke.
- 2009: Innsamling av ord og uttrykk.
- 2013: Gryta hennar mor.
- 2016: Det store sildekastet.
- 2018: Gamle dampen på Manger kai.
Leiarar
- Karl Tjore
- Sivert Halland
- Berit Kvalvik
- Einar Borgund
- Heidi J. Mongstad
Publikasjonar
- Borgund, Einar ofl.: Krigsår på Radøy. Utg. Radøy sogelag, 2011. 140 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Meldingsblad for Radøy sogelag. Utg. Radøy sogelag. 2001- ISSN 1502-7163.
- Namtvedt, Olav Steinar: "Eg likar Radøy best" : Radøy kommune 1964-2014. Utg. Radøy sogelag, 2014. 200 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Laget medverka også til boka Nordhordland 1814-2014. Utg. 2014. {nb.no|NBN:no-nb_digibok_2019091977028}}.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).