Roaldkafeen

Roaldkafeen var ein serveringsstad i Aure i Sykkylven. Firmaet vart grunnlagt i 1923 av Anton og Astrid Roald, og eit bustadhus med bakeri og utsal vart oppsett i Aure sentrum to år seinare. Namnet på forretninga var først Sykkylven Elektriske Bakeri, så vart det Konditori Roald og etter det Roald Bakeri. Kring 1950 vart lokala utvida, og det vart innreidd kafé med 24 sitteplassar. Kaféen fekk namnet Palmen av sjømenn som hadde opplevd kafé Palmen i Oslo. Kaféen vart ein populær stad å ta inn for bygdefolk og tilreisande, ikkje minst av di vertinna, Astrid Roald, hadde eit eige lag til å ta hand om gjestane. Til dømes kan det nemnast at ho spanderte frukost på Lurlåt kvar 17. mai så lenge ho levde.

Interiør frå Roaldkafeen som starta som bakeri.

Anton Roald døydde i 1957, og frå då av var det sonen Bastian som saman med Astrid Roald stod føre drifta. Lokala vart etter kvart for tronge, og dei måtte bestemme seg for tilbygg eller nybygg. Resultatet vart eit nybygg i tre høgder, og kjellar i tillegg. I dette huset dreiv Bastian Roald bakeriverksemd frå 1962, og kona Kjellaug stod for kafédrifta. Etter nokre år kom sonen deira, Anton, med i drifta, og frå midten av 1990-åra var det han som tok over ansvaret.

Etter nokre år, i 2007, vart kaféen avvikla, og lokala har sidan vore nytta til anna forretningsverksemd, til dømes til sportsforretning,matsal og fysioterapistudio.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.