Rogholtvegen
Rogholtvegen på Nordagutu i Midt-Telemark kommune går sørover frå Svevalivegen ved jernbaneundergangen. Vegen går gjennom eit bustadområde og passerer garden Kleiv (gnr. 116/4) før han fortsett gjennom skog og aude dalføre fram til garden Rogholt (gnr. 114/2) og Rogholttjønna. Vegen har ei kort grein til Vidsjåvegen og ei grein til garden Løvald nedre (gnr. 112/5). Han er om lag 2,8 kilometer lang fram til garden Rogholt.
Vegen har namn etter garden Rogholt og blei namnsett i 2009. Tidlegare het vegen Landtjønnstulvegen, eit namn han fekk i 1999.
Ved Rogholttjønna finn me Rogholt-tjønn naturreservat. Myra og tjønna blei freda i 1982.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune: Utvalg for næring, plan og teknikk, 23. februar 2009.
- Forskrift om fredning for Rogholt-tjønn naturreservat.