Romfo kyrkje
Romfo kyrkje ligg i grenda Romfo i Sunndal kommune på Nordmøre. Det er ei åttekanta kyrkje, bygd i 1821.
Romfo kyrkje | |
---|---|
Romfo kyrkje. Foto: Olve Utne
| |
Stad: | Romfo |
Byggeår: | 1821 |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Møre |
Fellesråd: | Sunndal |
Sokn: | Romfo sokn |
Materiale: | Tømmer |
Mykje av inventaret stammar frå lenger tid tilbake, mellom anna ei altertavle med innbygd preikestol frå 1713. Elles er det to utskorne trefigurar frå før-reformatisk tid i kyrkja: Ein som forestiller Olav den heilage og eit krusifiks med apostelen Johannes og Jesu mor.