Sæbø skule (Eidfjord)
Sæbø skule var ein barneskule i Øvre Eidfjord, Eidfjord kommune i Hardanger.
Skulen var etter andre verdskrigen om lag like stor som Lægreid skule i kommunesenteret Nedre Eidfjord. I 1958 vart òg ungane i Sysendalen krins overførte til Sæbø. Etterpå gjekk folketalet i grendene ned, og Sæbø gjekk frå å vere firedelt til å bli tredelt.
Våren 2004 var det berre 18 elevar. Rektor den gongen var Glenn Wiik. Elevane ved Sæbø vart etter skuleåret 2004/2005 overførte til Lægreid skule.
Kjelder og litteratur
- Bergens Tidende, 24. april 2004: «Lærarstillingar».
- Grove, Knut: Eidfjord 1891-2010 - frå fjord til fjell, Fagbokforlaget 2010, s. 241.
- Opplysningar frå Eidfjord kommune, 13. september 2018.
- Skoleporten: Sæbø skule.
Vidare lesing
- Tveit, Eva Marie og Line Ytrehus: Kvardagsminne Eidfjord 1900 - 1950, Eidfjord kommune 1977. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 23-29.
|