Sagansmia
Sagansmia er ei smie frå husmannsplassen Sagan i tidlegare Halsa kommune på Nordmøre. Ho blei oppført ein gong på 1800-talet. I 1930 blei ho overført til Norsk Folkemuseum i Oslo, der ho blei gjenoppført samme år.
Lafteveggane er karakteristiske for gamle smier, ved at det er bora ei mengd hol av forskjellig storleik i stokkane. Dette er resultatet av at smeden har prøvd navar, eller bor, før han har sendt dei frå seg.
Inne i smia finner ein essen like innafor døra, og bakafor den ein belg av garva saueskinn. Ved den vesle glugga, der det er best lys, står filebenken. Det skulle vere mørkt i ei smie, for då er det lettare for smeden å sjå fargen på det oppvarma jarnet; når ein ikkje hadde temperaturmålare måtte ein lite på fargen for å vite om jarnet hadde rett temperatur. Ambolten står ved avlen, og er festa til ei fururot.
Kjelder
- Mork, Paal (red.) Norsk folkemuseum : Friluftsmuseet. Utg. Norsk folkemuseum. Oslo. 2010. Digital versjon på Nettbiblioteket.