Samiske dyrenamn
Samiske dyrenamn har, som samiske språk generelt, hovudsaklig grunnlag i det uralske grunnspråket. Det har òg vorte lånt ord frå germanske språk, og enkelte ord har vorte lånt frå samisk til germansk. Ein del ord har fått tydingsforskyving.
Samiske grunnord
Miesie
Tjïermehke
Aaltoe
Gedtie
Sørsamisk gedtie tyder 'villrein, forvilla rein'. På umesamisk er det gåddie; på pitesamisk og lulesamisk gådde; på nordsamisk goddi; på akkalasamisk kont; på vestmansi khunnä; og på rekonstruert proto-uralsk *kunta. Ordet heng trulig saman med mongolsk kanda- og evensk kõndõ.
Sarva
På sørsamisk tyder sarva (servies-) 'reinokse, grarein' og sarve tyder 'elg'. Finsk hirvi tyder òg 'elg', medan hirvas tyder 'reinokse'. Ordet er trulig lånt frå baltiske språk, jf. gammalprøyssisk sirwis, som i sin tur har same opphavet som norsk horn. På finsk tyder saksanhirvi (eig. 'tysk elg') hjort, og det avleidde ordet hirvieläimet blir bruka i tydinga hjortedyr. På sørsamisk har ordet vorte overført vidare, og sørsamisk sïrve tyder 'sau'.