Sandal krins (Gloppen)

Sandal krins låg i gamle Breim kommune. Krinsen famna om den yste delen av Myklebustdalen med gardane Torheim, Sandal og Fossheim.

Ved århundreskiftet vart etter kvart elevtalet i Myklebustdalen så stort at Myklebust krins vart delt i to: Myklebust krins og Sandal krins. I 1967 var Sandal og Myklebust krinsar på ny slege saman til ein krins. Skulestaden var då Myklebust.

Skulehus

Sandal skule (1)

  • Byggeår: 1867
  • Fungerte som skule: 1890
  • Anna bruksområde: Skulehuset vart flytta frå Myklebust skule (1) og sett opp i Sandal 1890. Huset vart seinare kjøpt opp av private og flytta innafør elva. Brukt som feriehus.

Sandal skule (2)

  • Byggeår: 1928
  • Fungerte som skule: 1928-1967
  • Anna bruksområde:

Skuledagen

Først på 1900-talet var det 2 veker skule og to veker fri. Myklebust krins og Sandal krins, delte på læraren og hadde skule annankvar dag medan Dagfinn Sandal var lærar (1943-1970).

Skulevegen

Dagfinn Sandal (f.1901), var lærar i Myklebustdalen frå 1943-1970. Han pendla annankvar dag mellom skulane.

Lærarar

Namn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Kristianne Glomnes 1870 Sandal, Bjørnaheim, Gåsemyr, Reed, Høygardane, Hole, Årdal småskulen
Kristi Myklebust småskulen
Rakel Støyva småskulen
Arne Hunskaar Bjørnarheim, Myklebust og Sandal
Ingolf Bogstad 1919 1943
Dagfinn Sandal Myklebust, Sandal, Byrkjelo 1943 1970

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.744955° N 6.576082° Ø