Sande sogelag
Sande sogelag er eit historielag for Sande kommune på Sunnmøre. Dei gjev ut tidsskriftet Segn og soge.
Sogelaget overtok i 1980 bildesamlinga etter fotograf Olaf Storegjerde (1879–1958). I samarbeid med FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal er alle fotoglasplatene no digitaliserte (avfotograferte). Storegjerdesamlinga omfattar over 7300 fotografi.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Sande sogelag på Digitalt museum.
- Sande sogelag på KulturNav
- Storegjerdesamlinga
|