Selstadgrendi (veg i Seljord)
Selstadgrendi er ein veg i Åmotsdal i Seljord kommune som går i bratt lende i Selstadgrendi. Han går i jordbrukslandskap og startar i Åmotsdalsvegen, kryssar Åmotsdalsåi på bru og deler seg etter kvart i to greiner, ei nordgåande til garden Grave og ei sørgåande til garden Trae.
Vegen har namn etter Selstadgrendi og vart namnsett i 2005.
Gardar
- Nr. 3: Valhovd, gnr. 129/1
- Nr. 6: Selstad nedre (Vollen), gnr. 128/4
- Nr. 14: Grave, gnr. 128/3
- Nr. 16: Selstad, gnr. 128/2
- Nr. 18: Selstad nordre gnr. 128/1
- Nr. 19: Trae, gnr. 127/1
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.