Seterdalsvegen (Sauherad)
Seterdalsvegen ved Holtsås i Midt-Telemark kommune går frå Holtsåsvegen ved jernbaneundergangen til stulen Seterdalen like nord for Seterdalstjønn og er 6 537 meter lang.
Etter grensejusteringa 1. januar 2020, da Andgard og Hjuksebø grunnkrets blei lagt til Notodden kommune, blei dei siste 1 260 meterane av vegen liggjande i Notodden.
Vegen og har namn etter Seterdalen og blei namnsett i 1999, og med forlenging frå kommunal veg i 2016.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune, Plan- og forvaltningsenheten: Framlegg om offisielle adressenavn på skogsbilveger i Sauherad.