Signe Håtveit (1892–1989)

Signe Håtveit (fødd 1. januar 1892 i Morgedal, død 16.april 1989 og gravlagt på Brunkeberg kyrkjegard) var bunadtilverkar.

Signe Håtveit frå Morgedal i Vest-Telemark kvinnedrakt, med framknappa fløyelsliv
Foto: Augusta Herrlin, Skien

Ho var dotter av Åsmund Olavsson Drotning (1836-1928) og Kristi Aslaksdotter Særen 1848-1816, og syster til ein annan bunadtilverkar, Anne Håtveit. Systrene blei kalla for Håtveit-jentun. Deira niese, Margit Nilsen, overtok mønstra etter tantene då dei gjekk bort.

Signe har etterlatt seg mange rosemønster, som stadig blir bruka til brodering av Vest-Telemarkbunadar. Ho flytte saman med syster si, Anne, til Kviteseidbyen der dei kaupte den vesle garden Kyrkjebø i 1937.

Kjelder

Eksterne lenker