Skjervsfossen

Skjervsfossen i Granvinelva ligg ved Skjervsvegen mellom Vossevangen og bygda Granvin i Voss herad, Vestland fylke. Han er ein av to fossar, som ligg tett i tett med eit samla fall på 150 meter. Det er lett å ta seg fram til det øvste fallet, som har ei høgd på omlag 50 meter.

Det øvste fallet slik ein kan sjå det frå vegen gjennom Skjervet.
Foto: Leif-Harald Ruud (2024).

Vegen gjennom Skjervet var fram til 2011 Riksveg 13. Då vart den 4 080 meter lange Tunsbergtunnelen opna, og Skjervsvegen høyrer i dag til Nasjonal Turistveg Hardanger. På det vesle området kring fossebrinken er det stiar, trapper og ein rasteplass med toalett. Der vegen går i bru over elva, er det ein plass med rom for 3–4 bilar.

Kjelder


Koordinater: 60.587267° N 6.6374787° Ø