Skreebekkvegen

Skreebekkvegen i Vrådal i Kviteseid kommune går nordover frå Vråvegen til Skreebekk hyttegrend ved Vråvatn. Ei avgreining austover fører til garden Åsheim (gnr. 2/5).

Parti frå Skreebekkvegen.
Foto: Roy Olsen (2022).

Vegen vart formelt namnsett i 2016 og har namn etter bekken Skreebekk som han fylgjer.

Skreebekkvegen vart bygd kring 2004 og utbygginga av hyttefeltet starta opp like etter. Pr. 2022 er det sett opp 14 hytter som ligg på garden Skree (gnr. 2/1) sin grunn.

Kilder


Koordinater: 59.32128° N 8.34268° Ø