Skrivarvegen (Bø i Telemark)
Skrivarvegen i Bø i Telemark var ein om lag 130 meter lang blindveg som gjekk sørover frå Lektorvegen.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Skrivarvegen-1.jpg&width=400)
Skrivarvegen sett frå Lektorvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).
Vegen hadde namn etter sorenskrivar og stortingsmann Gjermund N. Grivi. Han budde på garden Grivi like ved vegen, og han blei kalla «Skrivaren» på folkemunne. I 1998 blei namnet på vegen endra frå Grivireina til Skrivarvegen. (sjekkes!) Busetnaden bestod av sju einebustader.
I samband med samanslåinga av Bø og Sauherad kommune fantes Skrivarvegen i både kommunane, og det blei i 2018 vedteke å slå vegen i Bø saman med Lektorvegen, mens Sauherad fekk behalde sin Skrivarvegen.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Margit Sudbø i Vegnamnnemnda.
- Bø kommune, Teknisk eining: Notat om: Referat frå møtet med vegnamnnemnda i Bø kommune 20.03.18.