Stanghelle
Stanghelle er ein tettstad i Vaksdal kommune. Tettstaden, som hadde 756 innbyggjarar (pr. 1. januar 2023), ligg ved Dalevågen på austsida av Veafjorden. Gjennom Stanghelle går både E16 og Bergensbanen; ved Stanghelle stasjon stoppar lokaltoga på strekningen Myrdal–Bergen. Stasjonen opna i 1883 då Vossebanen sto ferdig.
Galleri
Kjelder og litteratur
- Norgeskart: Stanghelle
- Bane Nor: Stanghelle stasjon
- Wikipedia: Stanghelle