Stor-Vefsn

Stor-Vefsn er eit omgrep som blir nytta om kommunane Vefsn, Hattfjelldal og Grane. Fram til Grane og Hattfjelldal vart eigne herad, var dei del av storheradet Vefsn. Likeins het Grane Øvre Vefsn.

Vefsn, Hattfjelldal og Grane utgjer Stor-Vefsn.

Området har eit areal på omlag 6.600 km² og er såleis større enn Vestfold og Østfold til saman. Nest største innsjøen i Noreg, Røssvatnet, ligg i området. Det samla folketalet er omlag 16.200, og nærare 10.000 av dei bur i Mosjøen.

Sjå òg

Litteratur

Aviser og tidsskrift