Stord kommune

Stord kommune ligg i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og omfattar den sørlege delen av øya Stord, øyene Huglo og Føyno og fleire mindre øyer og holmar. Den nordlege delen av øya Stord høyrer til grannekommunen Fitjar, som vart skilt ut frå Stord i 1863. I 1867 vart òg Valestrand eigen kommune. Dei noverande kommunegrensene går attende til 1898, då øya Huglo vart overført frå Fjelberg kommune.

Stord kommune
Stord rådhus i Leirvik
Basisdata
Kommunenummer 4614
Fylke Vestland
Kommunesenter Leirvik
Areal 137.46  km²
Areal land 137.46  km²
Areal vann 0  km²
Folketall 19 098 (2023)
Grunnlagt 1838
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Stord rådhus Leirvik.JPG
Stord rådhus i Leirvik

I 1997 vedtok Stord kommune bystatus. Kommunens to tettstader er administrasjonssenteret Leirvik og Sagvåg.

Stord er ein industrikommune, med verkstadindustri som leverer offshoreinstallasjonar og landanlegg for oljeutvinning. Kværner Stord, tidlegare Aker Solutions / Aker Stord, bygde supertankarar på opp til 370 000 tonn dødvekt, men gikk over til å bygge dekk til produksjonsplattformar etter nedgangen i tankmarknaden.

Sagvågen kystlag held til i kommunen.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!