Storegutvegen

Storegutvegen i Edland/Haukeli i Vinje kommune går vestover frå Støylsvegen i krysset med Bygdevegen til Haukelivegen. Dette var fram til 22. oktober 1998 ein parsell av riksveg 340 (no Europaveg 134).

Parti frå Storegutvegen i Edland.
Foto: Roy Olsen (2023).

Vegen vart namnsett i 2009 og har namn etter den litterære skikkelsen Storegut i Aasmund Olavsson Vinje sin episke diktforteljing «Storegut» som kom ut i 1866.

Modell for Storegut var Olav Olavsson Edland, fødd på Nordigard i Edland i 1764. Han forsvann under gjeting i Bordalen sommaren 1791 og vart aldri funnen.

Kilder


Koordinater: 59.73816° N 7.60403° Ø