Storoddevegen
Storoddevegen i Vrådal Kviteseid kommune er ein 1,9 kilometer lang hytteveg som går frå Vråvegen ved Holtskilviki (-bukta), kryssar vika på fylling og ender ytst på Storodde i Flatlandsfjorden i Vråvatn.
Vegen har namn etter staden. Hytteutbygginga på Storodde starta i byrjinga av 2000-talet, og reguleringsplanen omfattar 91 tomter. Pr. 2021 er det sett opp 19 hytter.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Kviteseid kommune: Reguleringsbestemmelser for hyttefelt på Storodde 09.03.2000, sak 14 og 04.06.2008, sak 66.