Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1885
Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1885 førte vidare dominansen til den moderate fløya i Venstre. Høgre røysta på tre av Venstre-representantane. Dette var det fyrste valet sidan 1840-åra at ingen frå Sverdrup-familien var kandidat i Nordre Bergenhus.
Valde representantar
Verv | Namn/tittel | Kommune | Merknad |
---|---|---|---|
1. representant | Gaardbr. J. Myklebust | Breim | 3. suppl. førre periode |
2. representant | Gaardbr. Arne Tonning | Stryn | 1. repr. førre periode |
3. representant | Kirkesanger Edvard Liljedahl | Kyrkjebø | 3. repr. førre periode |
4. representant | Gaardbr. J. K. Hæg | Borgund | 4. suppl. førre periode |
5. representant | Overrettssakfører Otto Blehr | Lærdal | 5. repr. førre periode |
1. suppleant | Gaardbr. S. Aarnæs | Stryn | |
2. suppleant | Gaardbr. Anfinn Refsdal | Vik | |
3. suppleant | Gaardbr. M. Nordeide | Askvoll | |
4. suppleant | Gaardbr. O. L. Ese | Balestrand | |
5. suppleant | Amtsskolebest. Elias Melvær | Florø |
Valet
Valtinget vart halde i Sogndal 15. september 1885 med 67 valmenn tilstades. 57 tilhøyrde Venstre og 10 Høgre. Tre av Venstre-representantane fekk støtte frå Høgre slik at røystetala vart slik:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | J. Myklebust | 63 | Støtte frå Høgre |
2. | Arne Tonning | 61 | Støtte frå Høgre |
3. | Edvard Liljedahl | 57 | |
4. | J. K. Hæg | 56 | Støtte frå Høgre |
5. | Otto Blehr | 55 | |
6. | gardbrukar Dvergsdal | 10 | Høgre |
7. | Elias Melvær | 10 | |
8. | Distriktslækjar Meyer | 9 | Høgre |
9. | Anfinn Refsdal | 6 | |
10. | S. Aarnæs | 5 | |
11. | P. Sunde | 1 | |
12. | lensmann Steen | 1 | |
13. | M. Nordeide | 1 |
Ved valet på 1. suppleant fekk desse røyster:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | S. Aarnes | 24 | |
2. | Anfinn Refsdal | 21 | |
3. | M. Nordeide | 11 |
Ved valet på 2. suppleant fekk desse røyster:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | Anfinn Refsdal | 24 | |
2. | M. Nordeide | 15 | |
3. | Elias Melvær | 12 | |
4. | Meyer | 8 |
Ved valet på 3.-5. suppleant fekk i alt 17 personar røyster. Dei som fekk flest, var:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | M. Nordeide | 45 | |
2. | O. L. Ese | 32 | |
3. | Elias Melvær | 27 | |
4. | R. Myklebust | 23 | |
5. | Dvergsdal | 10 | Høgre |
6. | Meyer | 10 | Høgre |
7. | O. S. Nordeide | 9 | |
8. | sokneprest Walnum | 9 | |
9. | gardbrukar F. Aandahl | 9 | |
10. | Olav Sande | 7 | |
11. | P. Sunde | 6 |
Frammøte på Stortinget
Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1886, 1887 og 1888.
Kjelder
- Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
- Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 2. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 454-455. (Digital utgåve, NBdigital).