Straand hotell

Straand hotell ligg i Vrådal i Kviteseid kommune. Det blei starta som skysstasjon av Olav og Kari Straand allereie i 1864. Sonen deira, Johan Straand, overtok verksemda saman med kona Sigrid i 1902. Attmed overnattingsverksemda var Johan med på å starte Straand Billag i 1930.

Straand hotell kring 1950.
Foto: Ukjend fotograf / Nasjonalbibliteket

Etter Johan og Sigrid overtok Sigmund Straand drifta, og heldt fram til han døydde i 1960. Sonen, Johan Straand tok då over, og dreiv hotellet fram til 2008. I dag (2019) driv sonen, Sigmund Straand hotellet.

Kjelder

  • Heimesida til Straand hotell.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. (s. 819). Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.