Sunnhordland

Sunnhordland er eit distrikt som utgjer den sørvestlege delen av tidlegare Hordaland fylke, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde i 2014 58 680 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Sunnhordland utgjer også eit tingrettsdistrikt og eit prosti.

Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune. I Leirvik ligg Sunnhordland Museum, som vart stifta i 1913.

Kjelder og litteratur