Tøger Larsson Kronen

Tøger Larsson Kronen (fødd 10. april 1843, død 11. juli 1909), var frå garden Kruna i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av gardbrukar Lars Tøgerson Kronen og Kirsti Pedersdotter. Tøger Kronen var ordførar i Jostedalen 1877-1878 slik far hans tidlegare hadde vore tre gonger.

Tøger Larsson Kronen

Kronen gifte seg 15. juli 1873 med Maria Larsdotter (1853-1908) frå Espe. Han fekk skøyte på heimebruket 17. oktober 1872 og dreiv heile garden fram til kring 1880. Då fekk truleg broren Nils hand om ein del av han, men frå 1894 dreiv Tøger heile garden att.

Tøger tok til med landhandel på Kruna, truleg kring 1880, og dreiv verksemda til han døydde i 1909. Han var òg breførar og dreiv Kronen turiststasjon i stova på Kruna. Denne verksemda vart ført vidare etter at han døydde.

Tøger Kronen var den siste private kyrkjeeigaren i Jostedalen. Han åtte 1/12 av kyrkja og må ha fått hand om eigarparten før ca 1860. Kommunen kjøpte eigarparten på 11/12 av kyrkja i 1891, men lukkast aldri å få hand om eigarpaten til Tøger Kronen trass i gjentekne freistnader og trugsmål om oreigning. Det skjedde fyrst i skifteoppgjeret etter han i 1909.

Eldstsonen Lars gjev i boka Indtryk og minder ei lite flatterande skildring av faren og oppveksten på Kruna.

Tøger og Maria fekk seks born:

  • Lars Tøgerson Kronen (1874-1940), som utvandra til Amerika og seinare dreiv forretningar i Kristiania og Gjøvik
  • Laura Kirstine Tøgersdatter Kronen (1876-1945), gift med gardbrukar Peder Pederson Grov
  • Ingeborg Marie Kronen (Maria Tøgersdotter) (1878-1965), gift med gardbrukar Tøger Pederson Kronen
  • Laurits Kronen (1891-1969), lærar og ei tid gardbrukar på Kruna
  • Gjertrud Tøgersdotter Kronen (1893-1982), gift i Hurum

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Anders Christenson Ormbergstøl 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Anders Christenson Ormbergstøl