Tangenvegen (Sauherad)
Tangenvegen på Gvarv i Midt-Telemark kommune går frå Gvarvgata, under jernbanen, svingar austover og går mellom Tangen bustadområde og Gvarv stasjon til Gåsefetvegen. Han er om lag 440 meter lang.
Vegen har namn etter det tidlegare småbruket Tangen og blei namnsett i 1999. Busetnaden består av 14 bustadhus.
Tangen er namnet på området nordaust for jernbanelina og over Gvarvmoen, avgrensa av Gåsefet i aust og jernbanebrua og elva i aust og nord.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Birger Kirkeby: Bygdebok for Sauherad, gards- og ættesoge 4. Sauherad kommune, 1988