Tinn prestegjeld
Tinn prestegjeld var eitt av Den norske kyrkja sine prestegjeld i Telemark. Det går attende til mellomalderen. Då prestegjelda vart avskaffa i 2000-åra, omfatta det sokna Atrå, Austbygda, Hovin og Mæl. Dei vart overført til Rjukan kyrkjelege fellesråd; seinare har det vore nokre endringar i strukturen. Prestegjeldet svara geografisk til Tinn kommune.
Tidlegare tilhøyrde Rjukan med Dal sokn også Tinn prestegjeld, men det vart utskilt i 1948. Hovin sokn vart overført til Gransherad prestegjeld i 1859, men seinare tilbakeført til Tinn då Gransherad vart ein del av Heddal prestegjeld.
Sokneprestar
Før reformasjonen kjenner ein namnet på seks prestar i Tinn. Det ser ut til at dei var knytta til hovudkyrkja, Atrå stavkyrkje. Etter reformasjonen er det også nokre manglar; den første lutherske presten ein kjenner kom i 1572, og det må ha vore nokon der før han. Det er også nokre hol i presterekkja i drygt det første hundreåret etter omveltinga.
- Olaf, nemnd i innskrift i stavkyrkja frå 1100- eller 1200-talet.
- Aslak, nemnd i innskrift i stavkyrkja frå 1100- eller 1200-talet: «Aslakr præster reit runer thessar».
- Hallvard Eysteinsson, nemnd i diplom frå 1369[1] som prest i Atrå.
- Peter Gudulvsson, nemnd i diplom frå 1415[2] som prest i Atrå. Også nemnd i 1419, 1421 og 1429.
- Peder Olavsson, nemnd som prest og prost i Tinn 1482 til 1489[3].
- Mathias Olavsson, nemnd som prest i Tinn 1491[4]. I 1501 nemnt som prost i Hjartdal og Vest-Telemark, og fortsatt som prest i Tinn.
- Jens Jakobsson, nemnd i kallsboka 1572, sist nemnd i Tinn 1576. Truleg i Heddal prestegjeld i 1578.
- Hans Jørgensson, nemnd i 1595 då Jens Nilssøn var på visitas.
- Jens Kristensen, nemnd som sokneprest frå 1611 til 1620. Til Sauda prestegjeld i 1621.
- Hans Jonsson Gynt, sokneprest frå 1621. Tidl. kapellan i Hjartdal prestegjeld
- Mats, nemnd som sokneprest i 1646, truleg kapellan i Tinn i 1636.
- Asbjørn Knutsson (d. omkr. 1661), nemnd som sokneprest 1651 og 1655; nemnd som gravlagt i Hjartdal i 1661.
- Verner Hansson Morland (d. 1682), sokneprest frå 1661 til 1682.
- Jens Hauritz (d. 1692), sokneprest frå 1682 til 1692.
- Peder Fredriksson Green (1669–1726), sokneprest frå 1692 til 1726, prost frå 1718.
- Laurits Quislin (omkr. 1690–1756), sokneprest frå 1727 til 1756.
- Nils Brønlund Bloch (1720–1792), sokneprest frå 1756 til 1774. Tidl. misjonær på Grønland. Til Lier prestegjeld 1774.
- Rasmus Møglestue (1738–1808), sokneprest frå 1775 til 1808. Tidl. personell kapellan i Valle prestegjeld.
- Elias Heltberg (1769–1840), sokneprest frå 1809 til 1821. Frå 1821 sokneprest til Stange prestegjeld. Prost i Øvre Telemark prosti 1820–1821
- Hans Olai Fremming Heyerdahl (1789–1866), sokneprest frå 1822 til 1829. Frå 1829 sokneprest til Øyer prestegjeld, frå 1836 til Lom prestegjeld og frå 1840 til Stange prestegjeld. Prost i Øvre Telemark prosti 1826–1829.
- Søren Schive (1795–1876), sokneprest frå 1829 til 1848, så sokneprest til Sørum prestegjeld.
- Martin Adolph Sigholt (1810–1876), sokneprest frå 1849 til 1859, så sokneprest til Sør-Odal prestegjeld. Konst. prost i Øvre Telemark prosti frå 1849, fast frå 1855.
- Severin Fredrik Sørensen (1813–1879), sokneprest frå 1859 til 1879. 1849–1858 sokneprest til Mo i Telemark, 1858–1859 til Veøy prestegjeld. Prost i Øvre Telemark prosti 1860–1878.
- August Weenaas (f. 1835), sokneprest frå 1879 til 1882. Seinare sokneprest til Grong prestegjeld, så Volda prestegjeld og til sist Nes på Romerike. Avskjed i nåde frå Nes 1917, var då eldste prest i landet.
- Paul Gabriel Theodor Kielland (1843–1911), sokneprest frå 1882 til 1890. Tidl. kapellan i Ramnes prestegjeld og 1879–1882 sokneprest til Rollag prestegjeld. Frå 1890 sokneprest til Flekkefjord prestegjeld og til sist til Asker prestegjeld.
- Konrad Henrik Krohn (f. 1853), sokneprest 1890 til 1899. Sokneprest til Alta prestegjeld 1879–1884, til Tjøtta prestegjeld 1884–1890. Seinare sokneprest til Heddal prestegjeld, stiftsprost i Kristiansand og til sist sokneprest til Drammen prestegjeld frå 1914.
- Hans Ubberud (f. 1865), sokneprest frå 1899 til 1903.
- Andreas Normann Bonde, sokneprest frå 1905 til 1910. Seinare residerande kapellan i Stavanger.
- Nils Roth Heyerdahl, sokneprest frå 1911 til 1918. Frå 1918 sokneprest til Holla prestegjeld.
- Andreas Kr. Andersen Grimsø, sokneprest frå 1918 til 1935. Frå 1935 sokneprest til Stavanger.
- Anders E. Hedem, sokneprest frå 1936 til 1946.
- Kåre Hognestad, sokneprest frå 1949 til 1959.
- Benjamin Elle, sokneprest frå 1959 til 1969.
- Bernt Vogt Ramslie, sokneprest frå 1969 til 1976.
- Arne Bjørn Hansen, sokneprest frå 1976 til 1984.
- Harald Eintveit, sokneprest frå 1984 til 2008.
- Geir Flatin, sokneprest frå 2009 til 2010.
- Leif Raustøl, sokneprest (vikar) frå 2011 til 2013.
- Kristin Fæhn, sokneprest frå 2015.
Galleri
Referansar
Kjelder
- Diplomatarium Norvegicum (DN)
- Prestegjeld og sokn i Telemark på Digitalarkivet.
- Einung, Halvor H.: Tinn soga. B. 1. Rjukan. 1926. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Årbok for Den norske kirke. Utg. Kirkens informasjonstjeneste. Oslo. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket