Tolv Aamland
Tolv Aamland (fødd 21. januar 1893 i Åmli, død 10. desember 1983) var lærar og ungdomsskolestyrar på Birkeland i Birkenes. Han var med i I.O.G.T. i fleire år og var aktiv i misjonsarbeidet. Aamland, som òg var ihuga målmann, vart i 1945 vart fyrste varamann til Stortinget for Aust-Agder Venstre. Under andre verdskrigen var han fengsla tre gonger.
Bakgrunn
Han var son av bonde Nikolai T. Omland og Eldrid Jørundland, Gjøvdal i Åmli. Tolv Aamland tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1913 og artium i Kristiania i 1922. Han deltok seinare på fleire lærarkurs og hadde stipend til eit tomånaders opphald i London. Han gjorde også andre studiereiser til Nord-Europa og Amerika, og skreiv om utvandringa frå Noreg.
Lærargjerning
Aamland var vikarlærar i Løten i eitt år. Han var deretter tilsett ved Sørlandets kristelege Ungdomsskole (1914-22) og Nidaros Lærarskule (1922-28), før han i 1928 kom attende til Sørlandets kristelege Ungdomsskole som styrar. (Ungdomsskole var datidas navn på de kristne variantene av folkehøgskulene). Skulen, som lenge heitte Birkeland folkehøgskole og no heiter Folkehøgskolen Sørlandet, låg på Birkeland i Birkenes kommune. Her var Aamland styrar i 32 år, og ved sida starta han Birkeland realskule (1938) og Birkeland gymnas (1941).
Aamland var ei tid formann i lærarlaget for dei kristelege ungdomsskulane, og han skipa då bladet Ungdomsskulen.
Familie
Tolv Aamland vart gift med Anna Nuland, dotter av bonde Tønnes Nuland og Severine. Dei hadde to søner og ei dotter.
Kjelder og litteratur
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. Stavanger. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tolv Aamland i Historisk befolkningsregister.
- Tolf Nicolays. Aamland i folketeljinga 1900 for Åmli herred frå Digitalarkivet
- Stortinget.no: Biografi
- Stavanger Aftenblad, 24. desember 1983: «Rektor Tolv Aamland på Birkeland er død».