Tuftebreen

Tuftebreen (Tverrbreen) er ein brearm av Jostedalsbreen som kjem ned i Tufteskardet i Bergsetdalen. Dette er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Kart frå 1860-åra som viser ca-posisjonen til breane i Bergsetdalen på det tidspunktet
Tuftebreen (til høgre) låg framleis nedanfor Tufteskardet i 1880-åra då Axel Lindahl tok dette fotografiet
Tuftebreen i juli 2008. Garden Bergset i nedre biletkant

Tuftebreen har eit areal på 6,5 km² og er 6,5 km lang. Det høgaste punktet på breen er 1920 meter over havet og det lågaste er 860 meter over havet. Tuftebreen vart fram til tidleg på 1900-talet oftast kalla «Tverrbreen». Skardet er likevel kalla «Tuffte-skaar» iallfall så tidleg som i 1742.[1]

Under den vesle istida på 16- og 1700-talet gjekk Tuftebreen kraftig fram gjennom Tufteskardet og kom heilt ned i dalbotnen i Krundalen. Ei rettsleg åstadsforretning i 1742 gjer at ein har god kunnskap om framrykkinga til Tuftebreen. Gardbrukar og klokkar Ole Knutson Grov (64 år) og Ole Bjørk (70 år) kunne fortelje at Tuftebreen i deira ungdom, som må ha vore kring 1680, framleis låg oppe i Tufteskardet, på det smalaste punktet. Rasmus Jensson Kruna forklarte at breen berre på 10 år, truleg dei 10 siste, hadde gått fram 100 famner, altså knapt 200 meter. Breen låg i 1742 berre 400 alen (kring 250 meter) frå gardtunet på Bergset og hadde øydelagd mykje beitemark og slåttemark til garden. Nede i dalen vart breen målt til å vera 840 alen (530 meter) brei.[2]

Notar

  1. Tingbok for Indre Sogn, 1742 (Jostedal historielag)
  2. Tingbok for Indre Sogn, 1742 (Jostedal historielag)

Kjelder