Underbergåsen (veg i Sauherad)
Underbergåsen på Gunheim ved Gvarv i Midt-Telemark kommune går sørover frå snuplass ved nr. 2 til krysset med Øyanevegen og Gunheimslia. Han er kring 215 meter lang og går i Gunheim bustadfelt som er utvikla ein gong etter 2006.
Vegen blei namnsett i 2009 og har namn etter garden Underberg (gnr. 181/2) som ligg i området med adresse Hallenvegen 70.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart