Val til Riksforsamlinga 1814 i Bygland

Valet til Riksforsamlinga 1814 i Bygland vart gjennomført i dei fire soknekyrkjene i Bygland prestegjeld. Adressa vart underteikna på Bygland prestegard den 11. mars 1814. Den kortfatta adressa gjev fullmakt til dei valde frå prestegjeldet, men nemner ikkje sjølvstendeeiden.

Bauta over Eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande ved Årdal kyrkje.
Foto: Siri Johannessen (2017).

Valordninga var såleis at prestegjelda skulle velje to valmenn, som skulle møte på ei amtsforsamling. I Råbyggelag amt valde dei i staden to valmenn frå kvart sokn.

Dei valde frå Bygland var:

Eivind Torkjelson Lande, i fullmakta nemnd som Evend Tarchild, vart på amtsforsamlinga vald som andre representant til Riksforsamlinga.

Dei som underteikna fullmakta var:

  • Anker Bruun
  • O.G. Bakke
  • Gutorm Christensen Dalle
  • Ole Thorsen Wadsenden
  • Tarald Olsen Rødningen
  • Knud Olsen Nordenaae
  • Haaver Olsen Biercheland
  • Evend Knudsen Langey

Kjelder