Velledalen Skulekorps

Velledalen Skulekorps i Sykkylven vart skipa i 1963. Det hadde vore eit vaksenkorps i Velledalen frå 1957, Velledalen Hornmusikk. Det vart etter kvart vanskeleg å rekruttere medlemer til korpset, og kva var vel då meir naturleg enn å starte ”vekkingsarbeidet” blant skuleungdomane. Det var komen ny skule på Dalemyrane i 1963. Skulen var godt eigna som øvingslokale for eit barnekorps, og dermed låg tilhøva vel til rette for korpsskipinga.

Jostein Drabløs var opphavsmannen for skulekorpset i Velledalen. Han tok kontakt med lærar Johan Neset som hjelpte til den første tida med praktisk tilrettelegging av korpsarbeidet. Jostein Drabløs var musikalsk leiar. Sjølv om Velledalen Hornmusikk vart lagt ned i 1964, arbeidde Velledalen Skulekorps godt i åra framover, ikkje minst takka vere Jostein Drabløs, som var korpset sin dirigent i ti år. Det er sagt at han var eitt med korpset i desse åra. Kjenneteiknet hans var heilhjarta innsats på kvar einaste øving, på dei mange turane og alle konsertane korpset tok del i.

Det er vanskeleg å erstatte slike eldsjeler, og som i Straumgjerde vart det noko mindre kontinuitet i dirigentposisjonen med åra. Mellom dei som gjorde framifrå innsats som dirigentar for skulemusikantane i Velledalen kan vi nemne Kjetil Hole og Jan Ove Skogvold.

Rekrutteringssvikten råka velledalingane om lag samstundes som han råka straumgjerdingane og Straumshorn Juniorkorps. I 1986 var talet på korpsmedlemer kome ned i 15. Til samanlikning var det nærare 80 medlemer i korpset i 1968. Dei siste åra har Velledalen Skulekorps hatt eit tett samarbeid med Straumshorn Juniorkorps. Dei har felles styre og musikalsk opptrer dei no alltid saman.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: Velledalen Skulekorps 35 år. Notat. 1998.