Velledalen ungdomslag
Velledalen ungdomslag vart skipa i 1893 under namnet Velledalen ungdomsforening. Laget var tufta på den grundtvigianske kristendomen.
Dei fyrste medlemsmøta vart halde i lokale skulehus, men i 1909 vart ungdomshuset Heimhug bygd. Huset var i bruk til på slutten av 1960-talet. Lagsbladet heitte «Talatrosten».
Kjelder og litteratur
- Sunnmøre frilynde ungdomssamlag gjennom 60 år. 1954. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sunnmørsposten 1993.10.07. Digital versjon på Nettbiblioteket.