Heimhug (Velledalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velledalen ungdomshus «Heimhug».
Foto: Ukjent. Frå Andreas Grimstad si private billedsamling.
Her på Brunstad låg det første lagshuset til Velledalen ungdomslag. Huset stod der huset til Charles Jakobsen står i dag (2021).
Dekorasjonen på rafta skulle forestilla eit dyr som heldt strekkstaget i kjeften. Treskjeraren heiter Petter Larsen Hole (seinare Drabløs). Kjelde Gunnar Velle.
Baksida av dekorasjonen viser kor strekkstaget gjekk.

Heimhug, ungdomshuset til Velledalen ungdomslag i Sykkylven, vart opna i 1910 med ein stor fest. Det nye huset, som delvis var finansiert med Amerika-pengar, trona høgt og fritt. Der var festtale, korsong, skodespel, folkeviseleik, det handskrivne lagsbladet Talatrasten og musikk av Velledalskvartetten. Dei fire musikarane var med å setje farge på høgtida.

På ungdomshuset var det i lang tid møte kvar 14. dag, i tillegg til festlege tilstellingar. Velledalskvartetten var i sving no og då, særleg når det var fest. Han spelte og andre stader i bygda når arrangørane bad ensemblet kome. Carl Tandstad var heile tida den naturlege leiaren og inspiratoren. [1]

Om bygningen

Gunnar Velle har teke vare på to dekorasjonar frå huset. Det er dyrehovud som var plassert innvendig på rafta og festa omkring strekkstaget, som skulle halda langveggane saman for tyngda av mønetaket. Det ser ut som om dyret held staget fast i kjeften. Velle har i ettertid sett inn ny framtann.

Velle har fortalt at det på Velledalen grendahus finst fotografi av kulissar frå gamlehuset - mala av Jonas Peson. Dessutan at det blei gjort eit forsøk på å grava ut ein kjellaretasje i huset. Konstruksjonen fekk med dette ein skade som gjorde at det seinare måtte ut av bruk og rivast.[2]

Møbelfabrikken Brunstad, som blei etablert av Hjalmar Brunstad i 1941, heldt til i eit kjellarlokale på Brunstad i Velledalen og i kjellaren i ungdomshuset til Velledalen ungdomslag til like etter krigen.

Etter at murane til huset svikta, var det stengt midt på 1960-talet. Det var likevel i bruk, og ved høve vart straumen kobla på og ungdomane dansa. Men sist på 1960-talet vart Heimhug rive. Etter dette hadde velledalingane lenge berre bedehuset og skulen som forsamlingshus, men i 1983 Velledalen grendahus vart bygd.[3]

Byggmeister Heinrich Smidth var mogelegvis involvert i bygginga av Heimhug. Soneson til byggmeisteren, Henrik Schmidt, skeiv i 2020: "Synest eg tydeleg ser Schmidt-takstein, og murane kan godt ha vore oppført med sementmurstein. Har tru på at huset har vorte bygd på dugnad i god Ungdomslagsånd. Spørsmålet er kor mykje HWS har vore involvert med planlegging, byggemateriale og gode råd."[4]

Kjelder

Fotnoter

  1. velledalen.net
  2. Gunnar Velle (2021)
  3. velledalen.net, besøkt januar 2013
  4. Henrik Schmidt i Facebook-gruppen Schmidt-husenes venner.