Veslevegen (Sauherad)
Veslevegen på Akkerhaugen i Sauherad kommune gjekk austover frå Idunsvoll til Bygdevegen og var om lag 180 meter lang.
Fem einebustader hadde adresse til Veslevegen.
I samband med samanslåinga av Bø og Sauherad kommune var det to vegar med nesten like namn, Vesleveg og Veslevegen, og eit måtte endrast. Det blei i 2018 vedtatt å leggje Veslevegen i Sauherad til Bygdevegen.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Info fra Sauherad kommune: nyeadresser-0822-sauherad.pdf