Vinje kommune (Sør-Trøndelag)
Vinje kommune låg i skjeringspunktet mellom dei gamle futedømma (fogderia) Nordmøre og Fosen. Vinje høyrde frå gammalt til Vik tinglag under Nordmørs fogderi, men Hemne prestegjeld under Fosens prosti. I 1837 vart Vinje lagt til Hemne formannsskapsdistrikt. Den 1. juli 1924 vart så Vinje utskilt frå Hemne som eige herad. Det bestod som eigen kommune fram til kommunereformen i 1960-åra, da Vinje og vestdelen av Heim vart lagt til Hemne kommune.
Kjelder og litteratur
- Vinje (Trøndelag) i Store norske leksikon.