Visjålivegen

Visjålivegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går vestover som forlenging av Myrennvegen ved garden Moen (gnr. 145/10) på Klevarsida til heigarden Myrenn (Myrane) (gnr. 143/8) ved Notodden kommunegrense på Roheimheia. Vegen er om lag 8,4 km lang og går gjennom skog.

Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel frå grunneigarane. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.46578° N 9.27853° Ø