Vossestrand kommune

Vossestrand kommune vart oppretta i 1868, og tilsvara Vossestrand prestegjeld som hadde vorte utskild frå Voss prestegjeld tre år tidlegare. Kommunen vart også utskild frå Voss. Namnet vart innført då prestegjeldet vart oppretta; tidlegare vart bygda berre kalla Stronde, og dette er framleis det lokale namnet.

I 1964 vart kommunen, som då hadde eit areal på 527 km², innlemma i Voss kommune. To område, Bergsdalen og Eksingedalen, vart lagt til Evanger kommune. Sistnemnde kommune vart seinare innlemma i Voss og Vaksdal kommune, og delane som kom frå Vossetrand gjekk til Voss.

Vossestrand i 1930 (Arbeidernes leksikon)

  • I 1930 hadde herredet 5712 mål dyrka mark med 960 mål åpen åker. Her var 2731 sauer, 1634 storfe, 1390 geiter, 278 hestar og 160 svin. Det produktive skogarealet var på 56 380 mål lauvskog, og 12 640 mål barskog. Her fans meieri og fleire møller og sagbruk.
  • Største ervervsgrupper av personar over 15 år i 1930 var 251 gardbrukarar. 113 tjenarar og arbeidarar ved landbruk, 42 handverkarar, 31 arbeidarar i industri, 26 forretningsdrivande, medan 21 var sysselsette i landtransport, post og telegraf, 20 i immateriell verksemd og 16 var husmenn.
  • Stortingsvalet i 1933 og (1930) ga slike resultat: Hordaland velgerforening (H og Fr.V):9 (28), Borgerlige samlingsparti: 6, Bondepartiet: 326 (420), Venstre: 127 (258), Kristeleg Folkeparti: 68, Samfundspartiet: 16. Arbeidarpartiet: 75 (74), Kommunistpartiet: 1 (0).

Innbyggjartal

  • 1920: 1669 personar.
  • 1930: 1851 personar (ifølge Arbeidernes leksikon er dette ein tilbakegang på 1 % sidan 1920!).

Kjelder

  • Aschehougs Konversationsleksikon, bind IX, 1925.
  • Arbeidernes leksikon, spalte 1053, bind VI, 1936
  • Norsk stadnamnleksikon. Utg. Samlaget. Oslo. 1997. Digital versjonNettbiblioteket., s. 500.