Wollert Johan Lyder Frich

Wollert Johan Lyder Frich (fødd 1. januar 1843 i Bergen, død 10. juni 1929 i Fana) var son av bakarmeister David Frich og Christiane Benedicte f. Jordan. Han vart student i 1863 og tok teologisk embetseksamen 3. juni 1871. Han gifte seg i Bergen 26. mai 1872 med Charlotta Louise Christiane Stoltz (1849-1943).

Wollert Johan Lyder Frich
Foto: Norges gejstlighet i 1914

Frich var prest (”Lutheran Minister”) i Halfway Creek i Wisconsin, USA, frå 1872. I 1882 flytte han og familien attende til Noreg. Etter å ha vikariert i ledige sokneprestembete i to år, vart han 23. februar 1884 utnemnd til sokneprest i Jostedalen. Han kom til Jostedalen med kona og seks born 15. mai 1884. Det vart Frich som innvigde det nye skulehuset på Bjørk 9. januar 1886. Det fungerte òg som kommunehus. Frich sytte òg for å få dyrka opp ei myr ved Prestegarden, finansiert gjennom lån i Opplysningsvesenets fond.

Frich og huslyden forlet Jostedalen 24. september 1890 etter at han vart utnemnd til sokneprest i Børsa i Sør-Trøndelag 31. mai same året. Kring 1913 flytte dei så til Bergen som pensjonistar og budde på Nesttun i Fana til dei døydde, Wollert i 1943 og Charlotta i 1943. Dei fekk i alt åtte born.

Kjelder og litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster, s. 34b-35a. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 339-40. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 225.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Anton Hansen 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Theodor Julius Børresen