«Trille-stille-revolusjonen»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mar. 2018 kl. 12:31 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Endrar)
Hopp til navigering Hopp til søk

«Trille-stille-revolusjonen», er overgangen frå skramlande jernhjul til gummihjul i landbruk og industri. Den er knapt er nemnd i offentlege opplysingar (2018).

«Revolusjonen» var kjærkomen og vart landskjend i si tid, omlag 1920- 1960. Poenget/revolusjonen er lyd/støy som blir borte. Mest kjende endringa i lyd er truleg jernskodde hjul på brustein i ei bygate med murteinsveggar på begge sider. Byter ein til luftfylte gummihjul på vogna er berre koseleg klikk-klakk, klikk-klakk frå jernskodde hovar frå øyken (merr og hest)att.

Hjulet kom til Noreg på eitt eller anna tidspunkt, dei fleste laga i trematerialar. Trehjul er ikkje slitesterke, derfor kom jernskodning, såkalla «skodde-hjul». Jernskodning skramlar og gir sterk lyd mot steinrik veg, brulegning og betong. Gummihjulet løyste det meste av ristinga og dempa støy. Det trilla stillare. Fyrst ute var truleg «gjenbruk» av aksel, nav, lager, felg og dekk frå utslitne bilar. Kven som var fyrst vil ein aldri få svar på. Det kan like gjerne ha skjedd i Hammerfest som på Hamar.

Den støyande delen av «industri-hjula» var ofte heile metallhjul støypte i metallstøyperi. Desse gav frå seg lyd lang høgare enn «skodde-hjula». Fyrste utviklinga for lyddemping frå metallhjul var at ein vulkaniserte på heilgummi/eit lag gummi som støydempar mot underlaget. Grunnen var for tung last for samtida sine luftfyllte dekk. Bruken var til flytting av tunge ting i verkstadhallar og vogner for kanoner og tunge ting i forsvaret.

Traktorar, og her meiner ein slepetraktorar, som kom til landet hadde alle jernhjul i ei eller anna form. For å få feste på underlaget var det grove ribber eller piggar på drivhjula. Spesielt i industrilokale med glatte betongveggar på innsida gav dette ein kraftig lyd. Køyring på brustein var og «kraftig kost» for omgjevnadane (tenk ombyggingsprosjekt i dagens Oslogater, 2018).

For handvogner på eitt til fire hjul kom gummihjulet. Lyden/skramlinga avtok i styrke.



Pakkeløysing heiter det truleg i 2017. Aksel, lagring, nav, felg, slange og dekk. Med og utan bremser. Trillebåre-, handkjerre-, reiskaps-, tilhengar-, spesialmaskin-, landbruks- og anleggs-dekk og akselar. Seld i heile landet til reiskapsprodusentar som laga det meste. Aksel med hjul og dekk som passa rett på hestereiskapen der det før var jernskodde hjul var ein storseljar ein del år.

Askim Gummivarefabrikk under Peter Mathias Bretanus Røwde laga Viking bildekk. Det var «høghastigheits-dekka». Truleg ein like stor produksjon hadde «lavhastigheits-dekket» «Røvde»-hjulet i det som vart til «trille-stille». Tenk kor mange jernskodde hjul som vart skifta ut i tillegg til at størrelsen på reiskapen auka monaleg i landbriks-, anleggs- og skogsdrift. Tellefsdal heitte ein annan av produsentane.

Rundt om i dei små fjordbygder var vegane dårleg. Vedlikehaldet var det gardbrukarane som delte på. Etter krigen, 1945, var skoddehjul einaste alternativ. På dårlege vegar høyrdest det vide om når ei hestevogn var i bruk. Den fyrste «Trille stille» i Høydalen var det brukaren på Ødegård som hadde. Han hadde ein svoger som skaffa to flyhjul i høveleg dimensjon. Felgen var dreia av bjørk og lager var ein metall bøssing, aksel var 1/2 toms rør. Dette fungerte fint og var i bruk i mange år. Seinare var det mange som fekk gummihjul på hestereidskapa. Då var det Røvdehjul ferdig med felg og aksel til salgs i butikkar som selde til landbruket.

Kjelder