Åheim Hotel
Åheim Hotel vart starta på siste helvta av 1800-talet.
Hotellet låg på Ulefoss. Gjestene kom frå Telemarkskanalen, båtruta Dalen-Skien, samt bussruta Skien-Lunde-Strengen. Hotellet tok i mot besøkande for både kortare og lengre opphald.
Hotellet var særleg godt annerkjent i 1880- og 1890-åra. Hotelleigar Rasmus Hansen hadde bygd ein vakker park ovanfor hotellet, samt ei rekkje vakre trebygningar.
Galleri
Litteratur
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Ytterbøe, S., Holla: historisk skildring av bygda og dens utvikling: gårds- og slektshistorie, Oslo, 1925.