Lunde

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Lunde (Nome))
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Brugata i Lunde
Foto: Roy Olsen (2018).

Lunde er ein tettstad i Nome kommune i Telemark. Tidlegare var tettstaden del av den sjølvstendige Lunde kommune. Per 1. januar 2017 hadde tettstaden 1 578 innbyggjarar.[1] Lunde ligg omlag 11 kilometer frå Ulefoss, 15 kilometer frå , og 40 kilometer frå Skien.

Frå gamalt var Lunde ein del av Bø prestegjeld og Bø kommune, men i 1866/1867 blei staden skilt ut som eige prestegjeld og kommune. I 1964 blei Lunde kommune slått saman med Holla kommune under namnet Nome kommune.

Lunde stasjon ligg langs Sørlandsbanen. Sørlandsbanen har samband til Kristiansand, Stavanger og Oslo. Riksveg 359 fra Ulefoss til Bø i Telemark gjeng gjennom Lunde. Lunde er den einaste staden i Noreg der ein riksveg (Rv359), en jernbane (Sørlandsbanen) og ein kanal (Bandak-Norsjøkanalen) møtast / kryssar kvarandre. Ved Lunde sluse ligg ein av Europas fyrste «gummidammar». Denne dammen erstatta den gamle nåledammen som låg her tidlegare.[2]

Kjelder

  • NVE si heimeside.

Referansar

Koordinater: 59.2991° N 9.1028° Ø