Ørsta sokn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. aug. 2016 kl. 12:28 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ørsta sokn er eitt av Den norske kyrkja sine sokn. Det låg i Bjørgvin bispedøme fram til 1983. Sidan har det lege i Møre bispedøme og er i dag ein del av Ørsta kyrkjelege fellesråd.

Soknet er nemnt i 1589 som eit annekssokn til Volda prestegjeld. I 1877 blei det eit kallskapellani, og i 1900 blei det hovudsokn i det nyoppretta Ørsta prestegjeld. Vartdalsstranda sokn, seinare Vartdal sokn, frå Ulstein prestegjeld blei òg ein del av Ørsta prestegjeld.

Kjelder