Abraham Leiser Borøchstein

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. nov. 2016 kl. 23:28 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{under arbeid}} <onlyinclude>'''Abraham Leiser Borøchstein''' (f. 15. september 1892 i Žagarė i Litauen; d. 1. april 1943 i Auschwitz) var ein litauiskfø...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Abraham Leiser Borøchstein (f. 15. september 1892 i Žagarė i Litauen; d. 1. april 1943 i Auschwitz) var ein litauiskfødd, norsk-jødisk handelsmann som for det meste budde og arbeidde i Kristiansund. Han var gift med Mascha Marijasa Gochin (19101943), og dei hadde fem born saman. Abraham og heile familien vart deportert i 1942 og drepne av nazistane i Auschwitz.

Fødsel og oppvekst

Abraham Leiser Borøchstein vart fødd i Žagarė i det noverande Litauen den 15. september 1892 av Rosa og Leopold Borochstein. Han hadde to søsken — broren Josef Michael Borøchstein (18891963) og søstra Sara Borøchstein, g. Granstein, som òg begge emigrerte til Norge, og ei søster som emigrerte til USA. Abraham kom til Norge i 1906.