Albert Joleik: Forskjell mellom sideversjoner

Utbygging
Ingen redigeringsforklaring
(Utbygging)
Linje 58: Linje 58:
Albert Joleik var ein markant offentleg meiningsytrar, og var medviten om si rolle som såvoren: "Eg er med um aa røre utpaa o koke denn supa som heiter folkemeiningi; og de er stundom eg merkar der er vorte ein litin smak som eg hev sett paa." Viktigaste talerøyret var hans eigne aviser, særleg da dei to tiåra som Fjordaposten kom ut. Den avisa vart oppfatta som ei Bondeparti-avis, og Joleik vedgjekk at han mest tenkte politisk i den leia.<ref>Hoel, O.L. 2011 s. 322-323.</ref> Da hadde han gått ein opinionsveg som ikkje var uvanleg for norskdomsaktivistar. Frå å identifisere seg med Venstre som målrørsla sitt parti, vart det nye Bondepartiet frå ca. 1920 eit alternativ for dei meir høgrenasjonalistisk innstilte blant nynorskforkjemparane. Spegjelen var sjølverklært venstrelojal da Joleik sette i gang med dette bladet i 1911: "Bladet skal vere vinstreblad og arbeide for vinstre sine saker."<ref>Sitert hjå Joleik, N. 2005, s. 63.</ref>  

Det er eit merkbart høgreradikalt innslag i Joleiks meiningsytringar i mellomkrigstida. Det gjeld kanskje tydelegast i den stillinga han tok for falangistsida i den spanske borgarkrigen. Det heng tydeleg i hop med den sterke aversjonen han hadde mot den sosialistiske arbeidarrørsla. Dette kjem på illustrerande vis fram i ein kommentar han har til Spania-hjelpa (solidaritetsarbeidet for den lovlege spanske regjeringssida i borgarkrigen) i 1938:
Det er eit merkbart høgreradikalt innslag i Joleiks meiningsytringar i mellomkrigstida. Det gjeld kanskje tydelegast i den stillinga han tok for Franco-sida i den spanske borgarkrigen.<ref>Øverbø, S.D.</ref> Det heng tydeleg i hop med den sterke aversjonen han hadde mot den sosialistiske arbeidarrørsla. Dette kjem på illustrerande vis fram i ein kommentar han har til Spania-hjelpa (solidaritetsarbeidet for den lovlege spanske regjeringa i borgarkrigen) i 1938:
:"Eit møte av fabrikkarbeidarar i Odda hev laga eit skjitviktigt vedtak imot at ein fabrikk i Odda kauper råemne frå Spania, or den parten av lande som Franco og katolikkane styrer [...] Det er både ilt og løgje å sjå buslitne kommunar gjera vedtak om å senda nokre 10-kroningar til bolsjeviksida i Spania, etter forbøn av ei nemnd i Folkets Hus i Oslo."<ref>Frå Fjordaposten, her sitert etter Dalane Tidende 29.6.1938.</ref>
:«Eit møte av fabrikkarbeidarar i Odda hev laga eit skjitviktigt vedtak imot at ein fabrikk i Odda kauper råemne frå Spania, or den parten av lande som Franco og katolikkane styrer [...] Det er både ilt og løgje å sjå buslitne kommunar gjera vedtak om å senda nokre 10-kroningar til bolsjeviksida i Spania, etter forbøn av ei nemnd i Folkets Hus i Oslo."»<ref>Frå Fjordaposten, her sitert etter Dalane Tidende 29.6.1938.</ref>

Gjennomgådde kjelder gjev ikkje grunnlag for å tilleggje Joleik nokon fascistisk eller nazistisk ideologi. Han åtvara mot Hitler og faren tysk revansjisme før krigen. Han nærma seg ikkje Quisling og NS.
Når Joleik i studentjubileumsboka frå 1921 skal trekkje fram dei "hugmaal" som han "mæter mest" (verdset høgast), så gjeld det:
:«[...] at Noreg skulde styrast so de vert ein hugnadheim fyr 10-12 millionar menneskje; og at Noregsvelde vart atterreist med grensur fraa Magnus lagabøtir si tid.»
Men det ville ikkje vore heilt Albert Joleik om han ikkje hadde lagt til denne sjølvironiske kommentaren:
:«Desse hugmaala er so draumfjerre at i denne døgrpolitiske tid er de barnslagt av meg aa nemne deim, men eg gjer de lel (eg er no yngste student og!)»

== Bibliografi ==
== Bibliografi ==
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer