Albert Joleik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Albert Joleik. Frå studentjubileumsboka 1946, der Joleik skriv: «Eg vonar enno at kvinnfolkja skal faa vit til aa lokke med ynde av langt haar, o karane pryde seg med skjegg, o at Noreg vert eit vælstyrt o rikt Noregsvelde. Med reint norskt maal.»
Foto: Ukjend fotograf

Albert Sigvard Joleik (fødd i Florø 14. mars 1880, død i Bergen 30. april 1968) var pressemann, forfattar og omsetjar, offiser, gardbrukar og lokalhistorikar. Ikkje minst var han ein ihuga målstrevar og norskdomsmann. I fleire tiår fram til andre verdskrigen var han ein markant og viktig aktør i den nynorske pressa. Mange kjenner han best for bygdebøkene og distriktssoga han skreiv frå Sunnfjord. Elles har Joleik vore mykje omtala for opphaldet sitt i Fristaten Kongo 1905–1908 som offiser i kolonihæren til Kong Leopold II av Belgia.

Bakgrunn og familie

Albert Joleik med sonen Olav og sambuar Wanga Djesa i Kongo. 1907 eller 1908.
Foto: Ukjend fotograf

Albert var den eldste av åtte sysken. Foreldra var Abraham Andersen (22.02.1854 - 08.10.1931, fødd i Eikefjord) og Susanne Abrahamsdotter Vasset (17.12.1854-12.12.1951, også fødd i Eikefjord). Albert fekk på eit seinare tidspunkt skifta ut familienamnet Andersen med det norrønt inspirerte Joleik. Namneskiftet skjedde i 1905, og Joleik gjorde eit ekstra poeng av at det var godkjent av «1905-ministerie».[1]

På den tida Albert vart fødd, dreiv faren som handelsmann på strandstaden Florø. Men før Albert var ferdig med folkeskulen, flytta familien ut på bygda til Eikefjord, og dreiv frå da av garden Vassethola. Faren dreiv nok også noko verksemd utanom gardsbruket. Iallfall er han i folketeljinga 1910 registrert som «reisende for et symaskinfirma».[2]

Albert Joleik gifta seg veslejulaftan i 1912 med lærar Olava Amalie Hjulstad (1888–1965) frå Inderøy i Trøndelag. Foreldra hennar var gardbrukarparet Olav Nilson og Amalia Kristine Andreasdotter Hjulstad. Albert og Olava Joleik fekk 11 born, fødde i tidsrommet 1914-1934. Albert hadde ein son frå før, Olav, fødd i Kongo 1908. Han voks opp hjå besteforeldra sine i Eikefjord.

Albert Joleik og familien budde fast i Bergen til 1932. Da kjøpte dei garden Kleppstølen i Naustdal. Albert budde også etter dette i Bergen monalege delar av året av omsyn til avis- og det lokalhistoriske granskingsarbeidet.

Utdanningsvegen

Albert fekk fullføre folkeskulen i Florø enda om familien hadde flytta ut på bygda i Eikefjord. Han var ein ekstra oppvakt elev, og fekk ekstra undervisning i matematikk og engelsk. Etter folkeskulen gjekk han på den private Hambros skole i Bergen, og tok mellomskuleeksamen der berre 13 år gamal. Han fekk da friplass for også å ta gymnaset ved Hambros skole. Han fekk dertil nødvendig pengestøtte hjå formuande velgjerarar som Albert J. Mohn og apotekar Lohte. Han tok examen artium som 16-åring i 1896.

Etter eit halvår som krambudreng i Florø og eit års tid heime på garden, drog Albert til Kristiania for å studere, med økonomisk støtte frå dei same to velgjerarane Mohn og Lothe, og nå også med fleire kjende namn i ryggen som Christian Michelsen og Rasmus Meyer. Ved universitetet tok Joleik anneneksamen (forberedende) våren 1898. Som fagstudium las han både språkfag og realfag. Det var språkfaga som engasjerte mest, og han framhevar særleg professorane Marius Hægstad og Sophus Bugge som lærarar som tydde mykje for han.

Joleik tok embetseksamen som cand.real. til jul i 1902. I mellomtida hadde han gjennomgått eit aspirantkurs på Krigsskulen. Han gjennomførte den eittårige Nederste avdeling ved Krigsskulen i 1903. Han vart da «ulønna offiser» (reserveoffiser utan fast militær stilling, men med ei viss pliktteneste ved eksersis og øvingar i ein del år frametter) med graden sekondløytnant.[3]

Skulelærar

Etter Krigsskulen var Joleik framhaldsskulelærar i og Treungen i Telemark ei tid. Vanskar med å få lærarpost eller anna passande arbeid var sterkt medverkande til at han søkte seg teneste som militær i Kongo, sjå nedanfor. I åra 1908-1911, etter Afrika-opphaldet, hadde han vikariat som lærar ved lærarskular, fyrst på Stord, så i Levanger. «På Livangr», som han sjølv skriv, «[…] var eg heppin – der vart eg kjend med henne som vart kona mi.» Olava tok lærareksamen der i 1912.[4]

Afrikaopphaldet

Militærutdanninga og språkkunnskapane (ikkje minst fransk) gjorde det lett for Joleik å få engasjement i Kong Leopolds hær og administrasjonsapparat i Fristaten Kongo (État Indépendant du Congo). Det var namnet på kolonien som kongen dreiv for eiga rekning i tidsrommet frå 1885 til 1908, da den belgiske staten overtok koloniherreveldet over området.

Løytnant Joleik gjorde militær teneste som pelotongssjef (troppssjef/tilsvarande), tilsynelatande i avdelingar av afrikanske soldatar. Men stillinga medførte også ei rekkje sivile funksjonar og oppgåver. Joleik sjølv ramsar det opp som følgjer: «fut og forlikskommissær og sjukehjelpar og lagerchef og agronom og landeleitar». Når det gjeld det siste, «landleitinga» eller oppdagarverksemda, legg han til: «De siste var eg mykje, for paa dei tri aara var eg sjau maanadir paa farande fot i villmarkja.»

Kong Leopolds Kongo-styre vart kjent som noko av det mest brutale blant koloniregima i samtida. Det vart praktisert ei ekstrem utbytting av folk og ressursar, der bestialske straffemetodar og massedrap inngjekk blant verkemidla. Viktigaste maktinstrumentet var leigehærar, i stor mon afrikanske soldatar, men med offiserar rekruttert frå Europa og Amerika. Joleik vart i ettertid konfrontert med dette biletet av kolonien, men avviste kritikken. Han meinte det berre var bakvasking som den rivaliserande kolonimakta England stod bak, mellom anna målbore gjennom forfattaren Sir Arthur Conan Doyle, og som Joleik avskriv som ein «simpel spiritist». I ein kvass polemikk ca. 1950 framheldt Joleik at historiene om mishandling av dei innfødde berre var tull, for Joleik «hadde aldri høyrt eller sett ein negersoldat skrike når han vart dengd».[5]

Den viktigaste private følgja av Afrika-opphaldet for Joleik var at han fekk ein son med den afrikanske sambuaren sin der. Sonen, Olav, vart med far sin heim og vaks opp hjå besteforeldra i Sunnfjord. Mora, Wanga Djesa, skulle også ha vore med til Noreg, men ombestemte seg i siste liten. Opplysningane om Wanga Djesa må seiast å vere uvisse og til dels sprikande. Dei er prega av å ha blitt gjenfortalt på folkemunne i fleire generasjonar. Det har versert forestillingar og klisjear som «negerprinsesse» og «hovdingdotter». Ein versjon er at Wanga var dotter av ein «etiopisk embetsmann». Både han og dottera skulle drepast, men Joleik skal ha vore med og berga dei. Ein annan variant er at Wanga var sjukepleiar for Joleik under eit malariaåtak.

Pressemannen

Ved sida av det lokalhistoriske granskingsarbeidet var viktigaste yrkesgjerninga til Albert Joleik det mangeårige arbeidet hans som pressemann. Han var journalist, redaktør, aviseigar og utgjevar, og han arbeidde organisatorisk.

Den fyrste praksisen fekk han innimellom lærarengasjementa 1908-1911, da han vikarierte eit par månader i Den 17de Mai, det fremste landsmålsbladet, under redaktør Rasmus Steinsvik. Avisa kom ut i Kristiania. Joleik fungerte ein periode som redaktør medan Steinsvik var fråverande.

I 1911 flytta Joleik til Trondheim og starta Spegjelen, som han sjølv omtalar som «1ste blad paa norskt maal der i byin». Sist på året 1913 overlet han bladet til andre og flytta til Bergen, der han vart tilsett som redaksjonssekretær i Gula Tidend. Der vart han i mange år som medredaktør («upolitisk redaktør»), og i åra 1919-1921 som eineredaktør etter Johannes Lavik. Men «i 1923 vart det for trongt i "Gula Tidend" », skriv Joleik sjølv.[6] Han starta da sitt eige blad i Bergen, Fjordaposten, som han heldt på med til krigen kom i 1940. Dei fyrste par åra kom det to gonger i veka, deretter vart det vekeblad.

Albert Joleik var sterkt engasjert i presseorganisasjonen Norsk Bladmannalag (skipa 1913) og den journalistskulen (Bladmannaskulen) som Bladmannalaget sette i gang i 1919.[7]

Bygdebokforfattaren

I studentjubileumsboka frå 1921 fortel Joleik at han i tillegg til avisarbeidet brukar 1-2 timar dagleg til historiske arkivgranskingar. Om 8-9 år har han håp om å kome i mål med sine planar om eit stort historisk verk om Sunnfjord og bygdene der. Planen er å få ut «11 heradsbøker og ei fylkjesbok». Dette var heilt i samsvar med den «generalplanen» for bygdebøker som var utarbeidd av Komitéen for lokalhistorisk forskning (1906), og som m.a. pionerane Lorens Berg i Vestfold og Jacob Aaland i Nordfjord arbeidde etter.

Tidsplanen heldt ikkje for Joleik. Men etter krigen vart det betre arbeidsvilkår. I nær 20 år sat han visstnok dei fleste arbeidsdagar i Statsarkivet i Bergen og arbeidde på verket. Han var også mykje i Riksarkivet i Oslo. Resultatet vart ei emnedelt distriktshistorie for Sunnfjord i to band, og eigne bygdebøker for kommunane Jølster, Bremanger og Flora. Desse tre banda inneheld i fyrste rekkje gards- og slektshistorie, men har også med ei rekkje mindre kapittel om ymse emne frå bygdene. Joleik fann å måtte samle seg om den eldre tida. Alle dei utgjevne banda omhandlar historia fram til 1801. Han var tydeleg på den regionalpatriotiske og identitetsskapande målsetjinga for denne typen granskingsarbeid: «Eg gled meg til denn hugstyrking fylkjesmennene i Sunnfjord skal faa etter kvert som dei fær grundig kunnskap om soga si.»[8]

Albert Joleiks bygdebøker er særmerkte både i innhald og stil. Det er påvist eit visst slektskap til Ivar Kleiven sine kulturhistoriske bøker om Gudbrandsdalen.[9] Elles oppsummerer Jørn Sandnes Joleiks sogearbeid som følgjer:[10]

«Joleik var ikke den mannen som gikk i andres fotefar, og Sunnfjordsoga er helt igjennom støpt i hans egen form. Det er vestlandsk heimstad sett gjennom et ekstraordinært temperament, fortellinger om "fræge sunnfjorðingar", "stórnasa officérar", arbeidsliv og kultur og mye annet, skrevet "i eit málforvilla land" og derfor i en egen målform, bygd på Ivar Aasen før han "laga-úm skrívemynstre sitt".»

Med omsyn til den historiefaglege nivået, held Sandnes fram:

«Joleik hadde store og allsidige historiekunnskaper og gir på de fleste områder god og interessant historieframstilling, rett nok med endel synspunkter som ikke kan være riktige, f.eks. at laupen i høgmiddelalderen ikke var smør-, men kornmål.»

Ein viktig del av Joleik sin lokalhistoriske produksjon finst att i tidsskriftet Sunnfjord. Tidsskrift om Sunnfjord-soga, segn og sed, som Joleik gav ut i «Bjørgvin» (Bergen) 1919-1922.[11] Tidsskriftet vart trykt av Gula Tidend.

Norskdom og målstrev

Dyrkinga av det nasjonale, der den nynorske målreisinga stod som det mest sentrale, kan seiast å ha vore ein dominerande konstant i Albert Joleiks samfunnssyn og engasjement. Det var openbert ei djupt personleg sak for han. Som han uttrykkjer det i studentjubileumsboka frå 1921: «Eg er nordmann, kver ei taag, utan minste skyldskap fraa tyske elle danske kræmarar elle skrivekarar.» Han vart vekt for målsaka i ung alder. I den same studentjubileumsboka gjev han mykje av æra for dette til ein lærar ved Hambros skole, den kjende litteraturkritikaren Gerhard Gran. Joleik skriv om Gran: «hann gav meg hug til fransk tale o stil, o gamalnorsk lesnad, o dermed vart de umvegjes hann som gjorde meg til maalmann.»

I studietida i Kristiania var han ivrig med i Studentmållaget og Bondeungdomslaget. Under leiing av Johan Fredrik Voss og med ei rad kjende målfolk som Severin Eskeland, Olav Midttun, Knut Liestøl og fleire, var han med og skipa Pønskarlaget. Det var ei foreining av studentar og lærarar ved Universitetet som skulle arbeide for å fremje målet i akademiske samanhengar.[12] Joleik skal ha vore den fyrste som leverte inn eksamenssvar på landsmål. Det sette han i fare for å stryke, men professor Hægstad heldt si hand over han og berga situasjonen.

I Bergen kjende Joleik seg godt heime i Vestmannalaget, der han vart æresmedlem i 1958.[13] I Vestmannalaget har høgnorsk-lina alltid stått sterkt, dvs. at dei ville halde på Ivar Aasens opphavlege formverk for det norske målet. Sterkt individualistisk som Joleik var også i målsaka, nøgde han seg likevel ikkje med å følgje Aasen-normalen, men laga seg sitt eige norrønt-prega skriftmål, mellom anna med bruk av "stungen d" (ð).

Omsetjar og filolog

Nynorsk skriftmål og dei norrøne språkhistoriske røtene var ei hovudinteresse som Albert Joleik dyrka gjennom heile sitt vaksne liv. «I studentertida las eg dei fleste bøker paa gamalnorsk og nynorsk som var utgjevne fyre 1900», fortel han i sjølvbiografien i studentjubileumsboka 1921. Interessa bar frukter i form av fleire omsetjingar av islandske ættesoger (sjå bibliografien nedanfor). Han og kona samarbeidde om ein del av dette. I Jomsvikingane stod Albert for omsetjinga av versa, medan Olava tok seg av prosateksten.

Joleik omsette også frå moderne språk. Iallfall omsette han den franske romanen Tartarin de Tarascon (av Alphonse Daudet, 1872) som framhaldssoge i Den 17de Mai dei vekene han arbeidde der ca. 1910.

Eigentleg språkhistorisk forsking dreiv ikkje Joleik noko vidare. Men han gav i 1960 ut eit hefte med tittelen Ord sum er sams i rysk, norsk og svensk.


Samfunn og politikk

Albert Joleik var ein markant offentleg meiningsytrar, og var medviten om si rolle som såvoren: «Eg er med um aa røre utpaa o koke denn supa som heiter folkemeiningi; og de er stundom eg merkar der er vorte ein litin smak som eg hev sett paa.» Han kunne likevel stundom misse litt trua på at det nytta: «[...] visdomen duger lite i verde, no som fyrr, anna en for nokre faa. Folke lyder meir den som kan fylkje faakunna o ovundsyke i noko slag -isma.»[14]

Joleik var mykje brukt som kåsør og talar i radioen og i lagssamanheng. Men viktigaste talerøyret var hans eigne aviser, særleg da gjennom dei to tiåra som Fjordaposten kom ut. Den avisa vart med god rett oppfatta som ei Bondeparti-avis, og Joleik vedgjekk at han mest tenkte politisk i den leia.[15] Da hadde han gått ein opinionsveg som ikkje var uvanleg for norskdomsaktivistar. Frå å identifisere seg med Venstre som målrørsla sitt eige parti, vart det nye Bondepartiet frå ca. 1920 eit alternativ for dei meir høgrenasjonalistisk innstilte blant nynorskforkjemparane. Spegjelen var sjølverklært venstrelojal da Joleik sette i gang med dette bladet i 1911: "Bladet skal vere vinstreblad og arbeide for vinstre sine saker."[16] Medan Joleik sin tidlegare arbeidsgjevar Gula Tidend såg på Fjordaposten som eit «anti-vinstreblad».[17]

Det er eit merkbart høgreradikalt innslag i Joleiks meiningsytringar i mellomkrigstida. Det gjeld kanskje tydelegast i den stillinga han tok for falangistsida i den spanske borgarkrigen.[18] Det heng tydeleg i hop med den sterke aversjonen Joleik hadde mot den sosialistiske arbeidarrørsla. Dette kjem på illustrerande vis fram i ein kommentar han har til Spania-hjelpa (solidaritetsarbeidet for den lovlege spanske regjeringa i borgarkrigen) i 1938:

«Eit møte av fabrikkarbeidarar i Odda hev laga eit skjitviktigt vedtak imot at ein fabrikk i Odda kauper råemne frå Spania, or den parten av lande som Franco og katolikkane styrer [...] Det er både ilt og løgje å sjå buslitne kommunar gjera vedtak om å senda nokre 10-kroningar til bolsjeviksida i Spania, etter forbøn av ei nemnd i Folkets Hus i Oslo."»[19]

Gjennomgådde kjelder gjev likevel ikkje grunnlag for å tilleggje Joleik nokon fascistisk eller nazistisk ideologi. Han åtvara mot Hitler og faren tysk revansjisme før krigen. Han nærma seg ikkje Quisling og NS. I studentjubileumsboka frå 1946 skriv Joleik dette: «[Fjordaposten] laut eg leggje ned daa tyskane hertok Noreg, elles hadde eg vorte skoten for kvart nummer.»

Når Joleik i studentjubileumsboka frå 1921 skal trekkje fram dei "hugmaal" som han "mæter mest" (verdset høgast), så gjeld det:

«[...] at Noreg skulde styrast so de vert ein hugnadheim fyr 10-12 millionar menneskje; og at Noregsvelde vart atterreist med grensur fraa Magnus lagabøtir si tid.»

Men det ville ikkje vore heilt Albert Joleik om han ikkje hadde lagt til denne sjølvironiske kommentaren:

«Desse hugmaala er so draumfjerre at i denne døgrpolitiske tid er de barnslagt av meg aa nemne deim, men eg gjer de lel (eg er no yngste student og!)»

Bibliografi

Referansar

  1. F.eks. i Studentene fra 1896.
  2. Folketeljinga 1910
  3. Petersen, A. 1936.
  4. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014013008082?page=705
  5. Klepsvik, L.T.
  6. Studentjubileumsboka 1946.
  7. Hoel, O.L. 2011 s. 323
  8. Studentjubileumsboka 1921.
  9. Johnsen, A.O. i Heimen bd. XI s. 591
  10. I Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år
  11. Sunnfjord. Utg. Gula tidend. Bjørgvin. 1919. Digital versjonNettbiblioteket.
  12. Voss, J.F. 2011, s. 184.
  13. Hannaas, Clausen, Jerdal 1978: s. 396 og 420-421.
  14. Studentjubileumsboka 1946.
  15. Hoel, O.L. 2011 s. 322-323.
  16. Sitert hjå Joleik, N. 2005, s. 63.
  17. Hoel, O.L. 2011 s. 322-323.
  18. Øverbø, S.D.
  19. Frå Fjordaposten, her sitert etter Dalane Tidende 29.6.1938.

Kjelder og litteratur