Albert Joleik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. sep. 2020 kl. 05:13 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Albert Sigvard Joleik''' (fødd i Florø 14. mars 1880, død i Bergen 30. april 1968) var pressemann, offiser, gardbrukar og bygdebokforfattar – blant mykje anna. Ikkje…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Albert Sigvard Joleik (fødd i Florø 14. mars 1880, død i Bergen 30. april 1968) var pressemann, offiser, gardbrukar og bygdebokforfattar – blant mykje anna. Ikkje minst var han ein ihuga målstrevar og norskdomsmann. Han er truleg best kjend for sine mange band av bygde- og distriktssoge frå Sunnfjord. Dessutan har han vore mykje omtala for sitt opphald i Fristaten Kongo som leigesoldat i kolonihæren til Kong Leopold II av Belgia 1905–1908.

Bakgrunn og familie

Albert var den eldst av åtte sysken. Foreldra var Abraham Andersen (22.02.1854 - 08.10.1931, fødd i Eikefjord) og Susanne Abrahamdotter Vasset (17.12.1854-12.12.1951, også fødd i Eikefjord). Albert fekk på eit seinare tidspunkt skifta ut familienamnet Andersen til det norrønt inspirerte Joleik. Namneskiftet skjedde i 1905, og Joleik understrekar fleire stader at det var godkjent av «1905-ministerie».

På den tida Albert vart fødd, dreiv faren som handelsmann på strandstaden Florø. Men før Albert var ferdig med folkeskulen, flytta familien ut på bygda til Eikefjord, og drev frå da av garden Vassethola. Men Albert fekk fullføre skulegonga si i Florø.