Ambrosius Rhodius

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. okt. 2011 kl. 06:36 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ambrosius Rhodius''' (fødd 10. november 1605 i Kemberg, Sachsen, død 1696 same stad) var lege, matematikar, fysikar og astrolog med meir. I tidsrommet 1637 til 1672 va...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ambrosius Rhodius (fødd 10. november 1605 i Kemberg, Sachsen, død 1696 same stad) var lege, matematikar, fysikar og astrolog med meir. I tidsrommet 1637 til 1672 var han stadsfysikus (bylege) og professor i Christiania, med eit avbrot på fem år, da han og kona hans sat i fangenskap på Vardøhus festning. Dei var dømde for injuriar mot to borgarmeistrar og statthalderen i Christiania.

Familie Foreldra var Jacob Rhodius (død 1636) og Elisabeth Freiwaldin (død 1636). Faren var rektor og prest. Ambrosius Rhodius var gift to gonger, fyrst med Anna Fredriksdotter, dotter av lege Fredericus Severinus i København. Ho døydde ein gong før 1675. Andre ekteskapet, inngått i 1675, var med Maria Dorothea Gröllmann (død 1729).