Anders Aarvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. sep. 2014 kl. 06:57 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lærar - under arbeid)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Aarvik (fødd 19. oktober 1884 i RovdeSunnmøre, død?) var lærar, lokalpolitikar og organist på EinaToten.

Han var son av bonde Albregt Aarvik og Ingeborg. Anders Aarvik tok eksamen ved Volda lærarskule i 1904.

Aarvik vart som nyutdanna tilsett som lærar i krinsane Åbjør og Merket i Nord-Aurdal. I 1908 kom han til Tomlevoll skole på Eina, der han vart resten av yrkeslivet.

I 1911 vart han organist i kyrkja på Eina, og frå 1916 var han målsmann for lærarane i skulestyret. Aarvik hadde fleire kommunale ombod i bygda. Han var mellom anna overformyndar (1919-?), kommunerevisor (1923-?) og medlem av heradsstyret (1915-18).

19/10 1910 vart han gift med Maren Strande, dotter av gardbrukar Even Strande og Marthea. Dei fekk to søner. Eldstesonen Asbjørn Aarvik vart òg lærar.

Kjelder og litteratur

Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjonNettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket