Anders Andersson Haugen (1786–1869)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mai 2011 kl. 16:40 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Anders Andersson Haugen''' (døypt 3. september 1786, død 27. desember 1869) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Andersson Haugen (døypt 3. september 1786,

død 27. desember 1869) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var

son til Anders Paulson Haugen frå Haugen og Mari

Johnsdotter (1790-1844) frå Nedrelid.

Anders fekk skøyte på garden alt i 1789 i skifteoppgjeret etter far sin. Han og Kari tok over drifta av garden etter at dei gifte seg i 1808.

Anders Haugen var setjeordførar i Jostedalen ein kort periode i 1850.

Anders og Kari fekk i alt ti born, og desse voks opp:

  • Anders Andersson Haugen (1809-1882), som tok over Haugen etter foreldra
  • Johanna Andersdotter (1816-1838), som vart gift med gardbrukar og Lars Tøgerson Kronen, som seinare vart ordførar
  • John Andersson Haugen (1819-1889), som vart gardbrukar på Flatejordsøyane og seinare vart ordførar
  • Lars Andersson Haugen (fødd 1823) som flytte til Romsdalen og seinare til Amerika
  • Hans Andersson (1829-1911), som ei tid vart husmann på Baggetun under Haugen

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge

for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 754.

(Digital utgåve, NBdigital)



Forgjengar:
 Christian Bastholm Heltberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Christian Bastholm Heltberg