Andreas Haavoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. jun. 2016 kl. 05:41 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Andreas Johannes Haavoll''' (fødd i Ørsta 25. september 1869, død i Oslo 6. mars 1958), var lærar, bankmann, forleggjar og pressemann. Mest kjend er ha...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Andreas Johannes Haavoll (fødd i Ørsta 25. september 1869, død i Oslo 6. mars 1958), var lærar, bankmann, forleggjar og pressemann. Mest kjend er han som utgjevar og redaktør av Norsk Barneblad i meir enn 40 år. Han blir rekna som skaparen av teikneseriefiguren Smørbukk, saman med teiknaren Jens R. Nilsen. Håvoll var ihuga nynorskforkjempar, og var involvert i ei lang rad organisasjonar og publiseringstiltak knytta til målsaka. Han kan trygt kallast ein nøkkelperson i den nynorske offentlegheita i fyrste halvparten av 1900-talet.

Familie

Han var son av Nils Olsson Håvoll (1853-1891) og hustru Berte Andrine Henriksdotter (1826-1909). Foreldra var gardbrukarar på Nilsgarden av Håvoll i Ørsta. Faren kom frå garden Follestad, og mora frå Rebbestad i same bygda. Dei to hadde overteke Nilsgarden i 1853. Andreas var yngst av (minst) sju sysken.[1]

Andreas Haavoll var gift med Inga Rytter (fødd 1869), som han hadde lært å kjenne da han var lærar i Langesund. Inga var også lærar, fødd i Stathelle og oppvaksen i Langesund. Foreldra hennar var skipsførar og skipsreiar Arnoldus von Westen Sylow Koren Rytter (fødd i Bergen eller Ullensvang 1840) og hustru Margrethe fødd Grønli (fødd i Stathelle 1840). Andreas og Inga Haavoll hadde ikkje born.

Utdanning. Bankmann og lærar

Etter folkeskulen hadde Andreas Haavoll i følgje Norsk allkunnebok ”ungdoms-, mellom-, lærar- og handelsskule”, kanskje i den rekkjefølgja. Ungdomsskulen var venteleg ein framhaldsskule eller folkehøgskule. Mellomskuleeksamen tok han ved Hambros skole i Bergen i 1888, og frå der drog han til Hamar på lærarskule og vart uteksaminert derifrå i 1890. I åra 1890-1893 var han tilsett ved Sandsvær sparebank på Kongsberg.

Fyrste lærarstillinga Haavoll hadde, var ved ved ein privatskule i Evju i Sandsvær. Dette gjorde han da ved sida av stillinga i banken. Han heldt fram i ein tjueårsperiode som skulelærar. Etter Sandsvær var han på Ulefoss, i Eidskog og Langesund. Frå 1899 til 1910 var han lærar i Kristiansund.

Pressemannen

Allereie før han flytta heimefrå, var han engasjert i avisarbeid, nemleg i Vestmannen i Volda 1887-1888, der Rasmus Steinsvik var redaktør. Haavoll fekk mykje å gjere med Steinsvik også seinare (sjå nedanfor). Medan han gjekk på lærarskulen var Haavoll journalist i Oplandenes Avis, Hamar (1890). Og mest alle stader der han var tilsett som bankmann og lærar, ser det ut til at han har journalistikken som attåtarbeid. Han arbeidde for Kongsberg Blad 1891-1893. I Langesund var han med og stifta Brevikposten 1897, og skreiv både i avisa og i Varden i Skien til 1899, da han flytta til Kristiansund. Der starta han avisa Nordmør i 1903. Frå 1910 gjorde Haavold presse- og forlagsarbeid til fulltidsverksemd, og vigde resten av yrkeslivet sitt til dette. Rasmus Steinsvik, som nå var redaktør i den viktige nynorskavisa Den 17de mai, hadde bede Haavold å trå inn som forretningsførar og medeigar i avisa. Haavold takka ja til dette. Da Steinsvik døydde i 1913, tok Haavoll over som redaktør, og heldt fram med det til i 1917.

Referansar

  1. Dale, B.J. 1995:53.

Kjelder og litteratur

  • Dale, Bjørn Jonson: Ørstingar I. Ættebok for Ørsta 1600-1900, side 53 (Håvoll 0209).